Under stjernone

Fre 10. sep kl. 19:00

HVOR: Sølvsalen
VARIGHET: 60 min.
PRIS: 290,-
ARRANGØR: Kongsberg Musikkteater

Kjøp billett

Hildegun Riise les dikt og dagboknotatar av Olav H. Hauge

Når skodespelar Hildegun Riise og musikarar legg ut på turné med tekstar av diktaren Olav
H. Hauge, er det også lov å felle ei tåre…

-Mange set stor pris på, og har sterke kjensler knytta til det han har skrive, seier Riise som gler seg til å møte publikum med dette programmet.
Programmet har fått namnet ”Under stjernone” og det er bassist Edvard Askeland som har sett musikk til dikta. Saman med Per Jørgensen (trompet), Eivind Aarset (gitar) og Terje Isungset (slagverk) skal dei spele i alt 10 konsertar i Sør-Norge i september. Turnéen er støtta av Norsk kulturfond.

Svært populær
Hildegun Riise og Edvard Askeland presenterte sitt Olav H. Hauge-program første gong på Vossa-jazz i 2005. Året etter var prosjektet på ein 3 vekers turné i Sør-Norge for Rikskonsertane. Det vart ei magisk forestilling som vart svært godt motteke av publikum. Palmesundag i 2019 ville Vossajazz ha programmet attende og det samla seg ei fullsett Vangskyrkje til denne kvelden.

Stadig nye skattar
Hauge (1908-1994) som heile livet budde i Ulvik, vert rekna som ein av dei største norske lyrikarane. Han skaffa seg tidleg kunnskap om verdspoesi og språk. Dikta hans, som ofte tek utgangspunkt i det nære og i naturen, gjev både innsyn og utsyn. Forfattarskapet er møtt med internasjonal interesse og dikta er omsett til fleire språk.

– Hauge er ein av dei diktarane ein aldri vert ferdig med. Det handlar om dei små detaljane og dei store livsgåtene som følgjer ein gjennom livet. Eg oppdagar stadig nye skattar hjå Hauge. ”Under stjernone” er ikkje berre ei reise i diktinga hans, men også i eit menneskeliv, seier skodespelaren.
?Plate
”Under stjernone” er innspelt på på CD som og vert å få kjøpt på konsertane. (lydoglag.no)

Medvirkende:
Hildegun Riise – diktframføring
Per Jørgensen – trompet/flygelhorn
Eivind Aarset – el.gitar
Edvard Askeland – kontrabass
Terje Isungset – perkusjon