Odd Nordstoga med band – Inn i skogen og ut på tur

Tor 17. nov kl. 20:00

HVOR: Musikkteateret
VARIGHET: 90 min.
PRIS: 500,-

Kjøp billett

Odd Nordstoga med band – Inn i skogen og ut
på tur

Med sekken full av både nye og gamle
favorittlåtar, legg heile Noregs Odd Nordstoga ut på ein haustturné, som også
markerar sleppet av eit heilt nytt album.  

Med seg på tur har han sitt eminente band, med nokon av landets ypparste musikarar, som trippar etter å formidle den
etterlengta kjensla av samspel som berre eit skikkeleg godt orkester kan
levere.  

På desse konsertane vil publikum få servert låtar frå albumet Fatig ferdamann, som Odd leverte til strålande mottaking midt
under pandemien, men også låtar frå det komande albumet Inn i skogen, som
ventas i starten av oktober. I tillegg blir det rikeleg med favorittar frå
Nordstogas arkiv, sjølvsagt! Få greier å skildre poesien i kvardagen slik han
gjer, utan at det blir anten klisjefylt eller svulstig. Han syng om venskap og
kjærleik, om naturen og om dagane som kom og gjekk. Han får oss til å danse,
sjølv om me ikkje kan, og til å ville synge om denne grisen som står og hyler.

Det er aldri nokon tvil om at denne mannen lever for å spela for publikum, og det er ikkje rart at folk i alle aldrar har
trykt han til bringa, både til høgtid og på fest. Ein konsert med Odd Nordstoga
og bandet hans opplevast rett og slett som ei sårt tiltrengt
vitamininnsprøyting.